Her følgjer ein artikkel eg har skrive om situasjonen i San Juan Comalapa, heile eller deler av artikkelen er til fri ikkje-kommersiell bruk.
Stord og San Juan Comalapa i Guatemala har vore vennskapskommunar sidan 1989, i 2002 starta den første utvekslinga gjennom Fredskorpset, og nå er den femte runden med utveksling av arbeidskraft godt i gang. I Comalapa er musikarparet Franz Roberg (32) og Ingrid Kristina Leiråmo (27) i gang med musikkundervisning; og eg, Øystein Stakland (26), arbeidar på miljøavdelinga i kommunen. På Stord er Charles Jafet Agripino Perén Cutzal (24) og Azucena Lopez Chipix (28) for å arbeida med henholdsvis musikk og idrett. I begge kommunane er også fokuset på førebyggjande arbeid blant ungdom viktig.
San Juan Comalapa er ein kommune i Chimaltenango fylke, kommunen ligg ca. 2200moh og består av eit bysentrum med omtrent 20 000 innbyggjarar og fleire rundtliggande bygder, slik at det til saman er omtrent 40 000 innbyggjarar i kommunen.
Sjølve Comalapa by blei ikkje så hardt ramma av tropestormen Ágathe, men det gjekk mange ras utanfor byen som gjorde at vegane frå Comalapa by til bygdene blei stengte, det tok derfor litt tid før ein fekk full oversikt over skadane. I bygdene er folk ofte fattigare og lever meir utsett enn i byane, dei er svært avhengige av det dei klarar å dyrke fram på eiga jord, til mat til seg sjølve og kanskje litt til sal. I bygdene var det mange som mista hus og heim, eller måtte evakuera på grunn av rasfare, og mange fekk også store skader på jorda sine.
I løpet av den første helga blei 331 personar evakuerte, dei blei i starten plasserte i skulebygningar og kyrkjer, men etterkvart flytta dei fleste evakuerte inn hos slektningar.
Saman med kona til ordføraren har eg reist rundt til forskjellige bygder for å sjå på skadene og dela ut mat til dei hardast ramma.
Ein dag drog me ut til bygda Paya der det hadde gått fleire ras, fleire bruer var øydelagde pga. elver som flomma over, men det var mogleg å ta seg fram med firehjulstrekk og midlertidige bruer laga av trestokkar.
I Paya traff eg blant anna ei gammal dame som hadde blitt ramma av eit jordskred. Huset hennar var nettopp blitt ferdigstilt og ho var veldig fortvila over skadene, heldigvis overnatta ho hos ei datter den natta den eine veggen i huset ramla inn.
Dagen etter var eg med tilbake til Paya for å vera med på starten av gjenoppbygginga av den eine brua. Folk frå heile kommunen var engasjerte i å hjelpa til, og kommunen hadde frakta mange billaster med folk frå Comalapa by.
I Paya ligg ei av hovedvasskjeldene til Comalapa by, store deler av røyra som fraktar dette vatnet inn til Comalapa blei skadd av jordras, og det er nå mangel på vatn fleire stader i byen. Prognosane seier at det vil ta 3-6mnd å få orden på vassleveransen til byen, avhengig av kor mykje av røyra som må byttast ut, kor mykje av røyra som må gravast opp, kor mykje støtte kommunen får, og sjølvsagt vær og vind.
Vasssituasjonen er vanskeleg fleire plasser, ikkje berre er det lite vatn, men det vatnet som finnest er svært forureina. Jordrasa som har råka vassleveransen har gjort at det nå går meir kloakk ut i vatnet, samt at jordrasa har tatt med seg både plantemateriale og husdyr, forråtnelsesprosessen medfører vond lukt og skumle bakterier. Eg sjølv fekk kjenne dette på kroppen med ein kraftig Salmonellainfeksjon som sendte meg på sjukehus i seks dagar. Tilfella av magesjau relatert til bakterier eller parasittar har gått kraftig opp i heile landet, der det igjen er dei svakaste som blir hardast ramma sidan dei gjerne ikkje har råd til lege og medisiner. Seks dagar på sjukehus kosta meg over 10 000 norske kroner, eg har forsikring, det har ikkje den vanlege guatemalar.
Det er litt rart å vera her nå, det er ikkje berre snakk om ein situasjon langt borte: eg sit midt oppe i det heile. Heller er det ikkje berre snakk om framande personar, også nokre av mine venner har blitt råka hardt av dette. I løpet av dei siste vekene har eg fått høyra fleire sterke forteljingar om korleis folk så vidt kom seg ut av huset før raset kom. Den sterkaste forteljinga var frå Comalapa by, der eitt hus blei fullstendig jamna med jorda, mora i huset fortalte detaljert om den skrekkelige opplevinga, ho hadde vore heime i huset saman med ungane då raset gjekk. Mannen hadde vore i kyrkja, og då han kom tilbake var huset borte, kona var delvis begravd av jordmassene, og minstejenta var forsvunne. Han fekk grave fram kona, og saman klarte dei å lokalisere kvar minstejenta var, og grave henne fram. Jenta hadde havna i eit lite hulrom under nokre betongblokker, og på grunn av dette overlevde ho. Mora og minstejenta blei innlagt på sjukehus ei natt, før dei flytta inn hos slektningar.
Huset ligg i utkanten av byen, eit stykke frå næraste nabo, naboane hadde derfor ikkje fått med seg kva som hadde skjedd, men då dei først blei oppmerksame på raset kom dei til for å hjelpa. Eg var på besøk ei veke etter raset, då var dei komme langt med gjenoppbygginga av huset, med god hjelp frå naboar og kommunen.
Det er mykje å ta tak i, bruer som må byggjast, vassrøyr som må leggjast, hus som må gjenreisast, åkrar som må såast på ny, og husdyr som må kjøpast. Me ønskjer å hjelpa våre venner i nød, og på Stord har vennskapskomitéen sett i gang ein innsamlingsaksjon. Sidan me nå er tri nordmenn her nede, samt at me har eit godt nettverk av lokale hjelparar, vil me klara å utnytta pengene som kjem på ein best mogleg måte.
For dei som måtte ønskje meir informasjon kan ein finna det på heimesida til Vennskap Stord Comalapa, og på Facebook, for dei som ønskjer å gi eit bidrag kan dei gjera det til:
Venskap Stord-Comalapa
mrk. Hjelp Comalapa
Konto: 5266 05 16492
Det er også mogleg å senda bidrag via PayPal til meg, hugs å merke med “Hjelp Comalapa”.
Veldig informativ og god artikkel! Takk!
Du kan være stolt over arbeidet du gjør Øystein, å dele ut mat til sultne og kriserammede mennesker er en fin ting.
Thumbs up!